Gjestehavn
Hardbakke Hamn

Hardbakke Hamn


  1. Beskrivelse

Lang beskrivelse


Hardbakke Hamn er tidlegare kåra til ei av dei 3 beste gjestehamnane i Noreg og ei av 5 draumehamner i Sogn og Fjordane. Gjestehamna ligg lunt og idyllisk midt i kommunesenteret i Solund kommune. Gjestehamna har straum, renovasjon, vassfylling og serviceanlegg med kapasitet til 25 båtar. Det ligg butikksenter, bank og post i gangavstand til hamna. Dieselfylling med kortautomat på betongkaia nord for gjestebryggjene. Barnevennlig badevik i hamna. Fotballbane, leikeapparat og sandvolleyballbane ved skulen. Det er fleire merka turstiar i nærområdet, m.a. til Ramnenipa og Pollatind. Utgangspunkt for båttur til Utvær og øyhopping med postbåten gjennom Solund til Bulandet og Værlandet i Askvoll. Turistinformasjon ved kaia. Hamna skal normalt vere sjølvbetjent, men hamnevert går rundar i juli og kan då nåast på telefon 90712382. Restaurant/kafe www.solundbryggje.no Kajakkutleige-/kurs www.solundnatur.no



Havnekontakt

Solund Kommune

Telefon

57 78 62 00 / 907 12 382

Epost

post@solund.kommune.no

Beliggenhet

Hardbakke kommune, Solund

Gjesteplasser

25

Vindforhold

Lun havn, rolige vindforhold

Havnedybde

3,5 m

Fortøyningssystem

Langs kai og flytebrygge

Drivstoff

Dieselfylling med kortautomat i havna.

Havnepris

80/100/150/200 + 50 for strøm

Posisjon

N61 04.450 E004 50.270



Kommenter